Ny lovsong med gamle røter

Hans Johan Sagrusten kjem frå Lalm i Vågå. Han er 47 år, utdanna teolog og arbeider i Bibelselskapet som bibelbrukskonsulent, og jobbar mykje med formidling. For mange av oss er han kjent frå sine bøker om dei eldste manuskripta til Bibelen.

Av Emil Skartveit

I tillegg er Hans Johan Sagrusten ein ivrig og vel akta salmediktar.
– Kva er ein god salme for deg?
– Svaret for meg på det spørsmålet er ei rekkje salmar som er av den typen ein kan utanåt og kan ta dei fram i minnet når ein treng dei.

Sagrusten nemner «I himmelen, i himmelen» som eit døme.
– Det er ei glede å vende attende til den same salmeteksten gong etter gong i forskjellige situasjonar i livet og kvar gong kjenne at salmen, både tekst og melodi kommuniserer med noko som er større enn meg.

– Korleis skriv du sjølv?
– Det varierer. Eg har opplevd å skrive ein tekst på fem minutt og ikkje endre eit einaste ord etterpå. Andre gongar har eg fått ei bestilling på ein tekst til ei bestemt anledning.

For i det heile tatt å bli intervjua til denne spalta, «krev» Sagrusten at eg nemner Gunnar Melbø, den faste komponisten hans. Det kravet er det sjølvsagt enkelt å etterkomme.
– Gunnar er heilt avgjerande for meg. Han er eit melodisk geni. Utan han hadde eg ikkje byrja å skrive. Eg opplever at teksten får eit heilt nytt liv med melodiane hans. Teksten åleine er ingen salme. Det skjer fyrst når du får heilskapen. Det eine er utenkjeleg utan det andre. Det er teksten og melodien som saman skapar fellesskap når me syng til Gud.

Samarbeidet skjer intenst og tett.
– Me set gjerne av to heile dagar for å jobbe i lag. Då sit me i to rom ved sida av kvarandre og så skriv me så mange salmar som me klarer. Eg startar fyrst og ligg heile vegen ein føre. Når eg har skrive ein tekst, går eg inn til Gunnar med han. I løpet av denne tida blir det til mellom 10 og 14 salmar. Alt er ikkje like bra, men noko blir ståande.

Av og til skjer det heilt magiske. Den heilage augneblinken av at noko nytt vert fødd.
– Då styrtar eg inn til Gunnar med teksten. Han les han på 30 sekund. Så lyfter han hendene over tangentane og speler melodien rett igjennom med besifring. Der og då er salmen fødd.

Når eg stiller mitt vanlege spørsmål om det bør skrivast nye salmar i dag, er svaret eit sjølvsagt ja, men så overraskar Sagrusten meg og trekkjer fram den moderne lovsongen som eit godt døme på nye åndelege tekstar.
– Mange mislikar dei moderne lovsongane, dei korte og enkle tekstane og stadige repetisjonane av enkle refreng. Eg kan føle på det sjølv, men trur likevel at det er den rette vegen å gå.

Han utdjupar:
– Dersom du les lovsongen i Bibelen, er han ganske repeterande. Uttrykk og vendingar som går igjen. Mens salmar i luthersk tradisjon har vore pratsame og teologiske, kan ein finne ganske sterk kopling mellom dagens lovsong og den type repeterande song som du finn i eldgamal ortodoks tradisjon. Tenk på bøna: «Herre miskunn deg» som blir gjenteke om att og om att. Det er slektskap der. Mykje av luthersk tenking rundt bøn og lovsong har i tillegg vore slik at har du sagt det ein gong, har Gud høyrt det. Då får det halde.

Sagrusten blir ivrig.
– Gud har høyrt det, men menneskehjartet treng repetisjonar for at orda i bøna og songen skal bli til vårt eige.

Hans Johan Sagrusten orkar ikkje å delta i ein klagesong over nyare lovsong. Sjølv legg han også vekt på å skrive enkelt.
– For meg er det eit mål. Å ha eit kort og gyldig uttrykk i det eg skriv.

Eit siste spørsmål:
– Treng du vere teolog for å skrive gode bibelske tekstar?
– Det kjem an på kva du meiner med teolog. Det treng ikkje handle om utdanning.

Sagrusten trekkjer fram ordet reservoar.
– Det handlar om å ha eit reservoar i seg, at du har grunna og arbeidd med Bibelens tekster. Det kan du ha gjort utan eit einaste studiepoeng i teologi, og dermed ha ein djup bibelsk kunnskap om kristen tru.

—————————————————————

Betlehem
Tekst: Hans J. Sagrusten, advent 1995

Gå varleg fram mot Betlehem.
Far stilt på fot når fram du kjem.
Stig inn i dette helga rom.
Kom stilt som fyrste gong du kom.

Trø varleg fram til krubba, bror.
Smøyg av deg skorne for Guds Ord.
Stig fram til Han med stille steg
og vit at Barnet skapte deg.

Knel audmjukt ned i halmen, ven.
Skod inn i sjølve himmelen.
Sjå fingrane som spente ut
og skapte himmelen. Sjå Gud.

Bøyg hovud, ven, og sjå di von.
Lyft auge, bror, og sjå Guds Son.
Sjå Han som bøter våre brot.
Høyr gledebod i barnegråt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.