Nytt norsk salmeleksikon, bind 1-3

Torsdag 28.11.2013 var det publisering av tredje og siste band av Nytt norsk salmeleksikon.

Publiseringa fann stad i Trondheim, i besøkssenteret ved Nidarosdomen, og det var ei lita og eksklusiv forsamling som hadde møtt fram for å overvære hendinga, mellom anna preses Helga H. Byfuglien og prost Ragnhild Jepsen, representantar og forlagsredaktør frå Akademika forlag, samt NHF sine styremedlemar. 

Styreleiar i NHF og redaksjonsansvarleg for salmeleksikonet, Stig Wernø Holter, heldt ei innleiing om tankane bak leksikonet, og takka alle som har vore med på å realisere prosjektet. Preses fekk overlevert ei signert utgåve av det komplette verket, og forlagsredaktør i Akademika forlag, Andreas Nybø, heldt ei kort tale der han takka Stig for det arbeidet han har gjort.

Dermed er årets julegåve til den salmeinteresserte ålmenheita i boks!

Les mer om Nytt norsk salmeleksikon og bestill her