Kyrkjerådets salmekonsultasjon

Fredag 13. februar heldt Kyrkjerådet salmekonsultasjon i Kirkens hus i Oslo. Deltakarar frå salmeskrivarverkstaden NHF arrangerte på Lia Gård i 2024 var særskilt innbedne. Dei utgjorde om lag halve forsamlinga, saman med representantar for Kyrkjerådet, Samisk kyrkjeråd, Nemnd for gudstenesteliv og Norsk Hymnologisk Forening. Deltakarane frå Lia gav uttrykk for at verkstaden hadde vore ei skilsetjande og inspirerande oppleving, og dei etterlyste oppfølging i ei eller anna form. Fleire av dei bidrog med innleiingar under konsultasjonen, om salme og litterær kvalitet, komposisjonspraksis og salmebruk. Det var gode diskusjonar, og det kom opp mange kreative idear. I tillegg var det innlegg og diskusjonar om salmedatabasen (ved Torfinn Wang) og om samiske perspektiv, der Kristian Paulsen mellom anna la vekt på behovet for ei ny, og tospråkleg, nordsamisk-norsk salmebok.

For det nye styret i NHF var det gledeleg å høyre dei entusiastiske tilbakemeldingane etter Lia-verkstaden, og det var nyttig å møte dei ulike instansane som på ulike måtar tar ansvar for salmearbeidet i Den norske kyrkja. På neste styremøte i slutten av månaden vil vi sjå på kva det vil vere naturleg og mogleg å følge opp av innspela frå konsultasjonen, samtidig som vi òg må arbeide vidare med den økumeniske profilen til foreininga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *