10. søndag i treenighetstiden

Ragnhild Jepsen, domprost i Nidaros

Kort om kyrkjeårssøndagen

Treeiningstida er læretid og arbeidstid! Kyrkjelyden får gå saman med Jesus og disiplane gjennom landskap som fløymer av religiøs arv, konvensjonar og forventningar. Frå den dagen kallet er gjeve til læresveinane (aposteldagen), brukar Jesus landskapet og menneskemøta som lærebok: «Kallet er gjeve til dykk no, men det gjeld alle menneske (7.sønd.i treein.). På vegen er de nøydde til å vere kompromisslause og handle i strid mot alt de har lært om kva som er forventa av ein som fylgjer i Guds fotspor (8.søn.i treein.). De skal ikkje døme (9.søn.i treein.), men tilgje grenselaust og utan vilkår (10.søn i treein.). Ved å tru på meg og fylgje meg, har de fått del i ein ny fridom; den som opphevar grenser og bod som stengjer for tru og tillit (11.søn.i treein). Ja, fridomen opnar for alle, for kvinnene, for dei framande – Gudsriket er sanneleg annleis!» (12.søn i treein.). Det er arbeidstid, men også ferietid for dei fleste. – Viss då ikkje påsken er sein. Då kjem denne søndagen i tida når alt tek til att etter sommaren – skule, arbeid, aktivitetar. Vi startar med blanke ark på så mange måtar og bokstaveleg tala. Tema for dagen, den botnlause tilgjevinga Gud har gjeve oss i Jesus Kristus, er eit fundament å starte dette nye på. 

Dagens bøn

Nådige Gud, du kallar oss til omvending. Vi bed deg: Ta bort vår skuld, og lær oss å tilgje kvarandre. Fri oss frå å vera hjartelause og harde, så vi dagleg opnar oss for kjærleiken din i Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud
frå æve til æve. Amen.

Kommentar

Det er tre hovudord i bøna som går som ein raud tråd gjennom tekstrekkene og difor må finnast att i salmane: Nåde, omvending, tilgjeving. Nåden kjem før alt det andre. Det er den som gjer oss i stand til å opne oss for kjærleiken. Vi må tru oss sjølv elska. Vi skal leve ut det livet Jesus har lært oss. Vilkåra i Guds rike er at vi ikkje er skuldig noko, anna enn å vise same sinnelag mot våre medmenneske som Jesus har synt oss.

Salmeval

Etter kva ein vel å vektlegge, vil det vere naturleg å finne salmar i kapitla Bot og omvending, Truskap og etterfylgjing og Kyrkja og det kristne fellesskapet. Den naturlege dåpssalmen er nr 419 Med Jesus vil eg fara. Salmen viser korleis vi vert sett inn i det kristne felleskapet i dåpen. Ein god nattverdsalme til dagen er nr 614 Vår lovsang skal møte deg.

Den uunngåelege salmen

396 – Midt i livet finnes vi. Luthersalmen tek oss rett inn i den trugande verda, men ropet vårt om frelse og den uventa nåden i Jesus Kristus vert teke i mot.

Den uventa salmen

333 – No kallar sol og sommarvind. Bileta frå forteljinga om den fortapte son blir bilete på nåden og kallet: Kom heim til frelse, du er tilgjeven og ønska inn i fellesskapet. 

Den utfordrande salmen

737 – Herre, du vandrer forsoningens vei. Vårt liv med kvarandre er grunngjeven i Jesus: At vi skal forsonast, frigjerast, leve som søsken og gjere verkeleg Guds rike her og no.