16. søndag i treenighetstiden

Jan Ove Ulstein, dosent emeritus

Kyrkjeårsdagen

Vår dag er i treeiningstida. Ho dekkjer tida etter pinse heilt fram til advent. Det gir seg dermed at ho ikkje har klar struktur. Ho speglar heller av eit mangfald for kyrkje og truande etter pinse. Vår dag blir gjerne plassert i ei gruppe med fokus på kyrkja og livet i kyrkjelyden. Det er veldig vidt. Tidlegare tekstrekkjer har hatt heilt andre tekster. Det betyr at vi må sjå på det preget dagen har utifrå tekstene, saman med den vide motivkrinsen i Treeiningstida. 

Bøn for dagen

Gud, du kjelde for alt godt, du høyrer klageropa våre. Vi bed deg: Trøyst oss i liding og trengsel, så vi finn styrke i din lovnad om å gjera alle ting nye, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, eín sann Gud frå æve til æve. Amen.

Kommentar

Bøna vender seg til Gud med ei klage over ”liding og trengsel” med bøn om trøyst. Adressaten er kjelde for alt godt,  er ein god lyttar og har lova å gjere alle ting nye. Det gjer det mogleg å finne den styrke som situasjonen krev. Midt i liding og trengsel finst det eit håp. Dette er dagen då ein ser at kyrkja og kyrkjelyden og den truande er under press. I tekstene er det klage, ei eldprøve: å lide med Kristus, der er sjukdom, forfylging, dårskap. Men der er også ein ny song – med føter på fjell, forløysing i vente, føderier, læking her og no, erfaring av det gode, ordet om krossen som visdom og ikkje dårskap, eit liv i empati: danse med og gråte med, manna for dagen. Bøna for dagen samlar dei ulike motiva godt opp.  Vi ser denne spenninga mellom liding og trengsel av ulike grunnar, saman med trøyst og styrke i trua på han som gjer alle ting nye.

Salmeval

Til salmevalet vil sjølvsagt den enkelte tekstrekke vere med på å avgjere vala. Men sjølve søndagens profil består i å ta på alvor at kyrkje, kyrkjelyd og den enkelte kan møte motstand på nivået ”liding og trengsel”. Liding kan vere stikkord for ulike grunnar til klage. Trengsel gir signal om forfylging for kristentrua si skuld. Det kan sjåast under synsvinkelen: dele Jesu liding. Lyfter vi blikket, ser vi at det siste kan vere situasjonen i ekstrem grad i ulike deler av verda, det går på livet laust. Det kallar på solidarisk uro, og meir til. Men dagen kallar også på eit håp, ei trassig tru som ser eit liv i saligprisinga sitt lys, med ei styrke for dagen og tida.

Den uunngåelege salmen

270 – Hen over jord et pilgrimstog. Ein salme som ser det lange perspektivet, som også er ein del av bøna for dagen. 

Den uventa salmen

478 – Vær sterk, min sjel, i denne tid. Her vil eg ha ein salme som går innover til den enkelte, med framtid i. Ein salme for den som skal stå i liding og trengsel.

Den utfordrande salmen

79 – Vi takkar Gud for alle dei. Denne salmen fangar opp flest av motiva for dagen, både trengsel og forfylging, med den trassige trua: Dei ville leve sant og elske, syngje/ forsvare alles krav på rett og fred. Då har vi til saman både pilegrimperspektivet og fullendinga i første salme, vendinga innover i andre og den store utfordringa i siste.