2. søndag i påsketiden

Margrethe Ølberg, sokneprest i Odda og Tyssedal

Kort om kirkeårsdagen

Denne dagen har frå gammalt det latinske namnet Dominica in albis, «søndagen i kvitt». I den tidlege kyrkja var dette dagen då dei nydøpte tok av seg dei kvite dåpsklede som dei hadde hatt på seg sidan påskenatt. Dagen er også den 8.påskedag; påskens oktav. Ein oktav er i kristen liturgisk samanheng ein periode på åtte dagar som følgjer etter ein viktig festdag i kyrkjeåret. Namnet kjem frå latin, octava dies, «den åttende dag», og viser til den siste dagen i perioden. Dagen ber i seg påskedagens glede over at Kristus er oppstaden.

Dagens bøn

Oppstadne Frelsar, Jesus Kristus, du rekkjer hendene mot oss når vi tvilar. Vi bed deg: Gje oss tru når vi ikkje forstår, så vi kan leva i lyset av di oppstode og tilgje vårt eige og andres svik, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Kommentar

Det har gått nokre dagar sidan Jesu oppståe, og Jesus viser seg i løpet av desse dagane til venene sine. Læresveinane jublar: «Vi har sett Herren!». Samstundes med at vi saman med læresveinane gledast over Kristi oppståe, vert vi denne søndagen minna om at tvilen også er ein del av trua og livet. Paulus skriv til efesarane: «Av nåde er de frelste, ved tro. Det er ikkje dykkar eige verk, men Guds gåve.» (Ef 2,8). Men så kjem det spørsmål snikande. «Kan det verkeleg vere så enkelt å verta frelst? Trur eg riktig? Og kva om trua mi ikkje er sterk nok? Tvilen er ein del av livet for mange truande. Men som ein klok mann sa ein gong: «I trua sitt rom er det plass til mykje. Også tvil». Lærersveinane Peter og Tomas står i sentrum denne søndagen. Tekstane visar oss at sjølv om ein tvilar og har svikta, så kjem Jesus til oss og rekkjer ut si hand til oss.  Han er levande midt i blant oss, og rekkjer ut tilgjeving, håp og fred. Vi kan ta imot han og kvila i dette, samstundes som vi også vert utfordra til å tilgi kvarandre. 

Salmeval

Han er oppstanden. Halleluja! Det er naturleg å synga dei kjente og gode påskesalmane. I forhold til temaet tru og tvil fins det salmar å velge i salmeboka på nr 440-452. Tekstane 2.søndag i påsketida lager også eit bruspenn frå ei verd prega av lidelse, ulykker og naud, over til ein virkeligheit prega av optimisme, framtidstru og håp. Ein kan også ta med orda som vi les i både dåp og gravferdsliturgi frå 1.Petersbrev: Ei levande von, og så spenna ei bru frå dåp til død tegna med korsets tegn. Viss det ikkje er dåp i gudstenesta, kan kanskje ei dåpssalme vere salme før eller etter preike. 

Den uunngåelege salmen

208 – Det var i soloppgangen. En salme som fortel kva som skjedde i påskenhøgtida, og som bekrefter at Jesus lever og er verdens lys. Knyttar også til dagens bøn, om å leva i lyset av Jesu oppståe.

Den uventa salmen

678 – Vi rekker våre hender fram. Jesus rekkjer fram hendene sine mot oss når vi tvilar. Vi kan tenkje på trua vår som ei tom hand som tek imot Jesus og alt det han vil gje.  

Den utfordrande salmen

431 – La oss vandre i lyset. Å leva i lyset av Jesu oppståe utfordrar oss til å elske, tilgje og be for kvarandre.