3. søndag i adventstiden

Prest Elisabet Kjetilstad og kantor Roar Berg, i Høybråten, Fossum og Stovner menighet

Kort om dagen

3.søndag i advent står i ei spenning mellom det kyrkjelege fokuset på at me framleis er i tida kor me førebur oss på Jesus og jula som skal komme, og det folkelege og kommersielle drivet etter «å få julestemning». I mange tilfelle er dette siste gudstenesta ein feirar før julaftan, og mange menigheter «syng jula inn» denne dagen.

Dagens bøn

Gud, vårt håp, du sende Døyparen Johannes for å rydda veg for ditt rike. 
Vi bed deg: Lat livsens kjelder strøyma fram, og skap fred og rettferd blant oss, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Kommentar 

I dagens bøn minnest me Johannes døyparen. Han blir skildra og tolka med bilete frå Jesaja, kor ei røyst ropar at vegen skal ryddast i ørkenen for vår Gud. Både profeten Jesaja og døyparen Johannes peikar frå seg sjølv og fram mot Guds komme og frigjering. For profeten Johannes sin del er det tydeleg at det er Jesus han peikar på og ryddar vegen for. I bøna om at Gud må la livets kjelder velle fram høyrer me klangen frå Jesaja 35: «vatn bryt fram i ørkenen og bekker i øydemarka». I bøna om fred og rettferd kan me minnast døyparen Johannes, som rettleiar folket og ber dei dela både klede og mat.

3.søndag i advent kan me førebu oss på engelsongen som snart skal fylle himmelen og jorda. Er me klare for å ta imot englekoret, som atter ein gong lysande skal vitna for gjetarane på marka, oss lesarane og alle verdas folk om Guds ære og om FRED på jorda blant menneske som Gud har hugnad i? Kor i våre liv og vårt samfunn skal me i år synge, be og arbeide for at vegane skal ryddast? Kven lid under urettferdige maktstrukturar? Kven er tørste, fordi andre tek vatnet?  Kva treng me håpa på?

Salmeval

Denne 3. søndagen i advent er det naturleg å bla opp i den delen av salmeboka som har adventssalmar. I kontakt med dagens bøn om «rettferd og fred» kan ein også sjå etter salmar under denne overskrifta i salmeboka. 

Den uunngåelege salmen

9 – Rydd vei for Herrens komme, høyrer naturleg med denne dagen. Denne salmen har tekstelement som går rett inn i lesetekstane for dagen, og tek opp att motivet frå Jesaja og Johannes- kallet om å rydda veg i audemarka. Salmen har ein lett gjenkjenneleg melodi.

Den uventa salmen

897 – Å denne kilde. Salmen tek opp motiv frå 3.søndag i advent sine lesetekstar henta frå Jesaja. I Jesaja 35 les me om bekker som spring fram i øydemarka og slappe hender og ustø kne som skal styrkast. Det er ein tillits-salme, som også syng fram trøysta skildra i Jesaja 40 og ber vidare med dagens bøn om at «livsens kjelde må strøyma fram».

Den utfordrande salmen

26 – Solbarn, jordbarn, passar inn som ei utfordrande salme denne dagen. Midt i advents-kosen får me ei konkret påminning om dei høglytte og dei tause katastrofane i verda, i nyhetene og innanfor husets fire veggar, som rammar så mange av oss menneske her på jorda. Bøna om fred, om shalom, blir konkret. På denne salmens gode melodi går det ei bøn frå eit barn til eit anna.