4. søndag i påsketiden

Steinar Sneås Skauge, teologisk rådgjevar, Nord-Hålogaland bispedømme

Kort om kyrkjeårsdagen

4. søndag i påsketida kjem rundt midt mellom påskedag og pinse, og vi er derfor på eit punkt der den umiddelbare påskegleda kanskje har lagt seg litt, medan det samstundes er litt lenge til både himmelfarten og pinse. Tekstane vi møter denne dagen har byrja å sirkle seg inn mot Kristi himmelfartsdag, der Jesus i alle tre evangelietekstane snakkar om at han snart skal forlate læresveinane. Tradisjonelt har denne dagen blitt knytt opp mot pilegrimsmotiv. Ein har då ikkje tenkt på jordiske pilegrimsvandringar, men «den store pilegrimsvandringa» der vi skal ende opp hos Gud. Det gamle latinske namnet på dagen, Jubilate, speglar også dette. Ein finn i jubelropet gleda over løfta i evangeliet.

Dagens bøn

Herre Jesus Kristus, du er vegen, sanninga og livet. Vi bed deg: Lær oss å elska kvarandre som du har elska oss, og styrk oss i håpet om at vi ein dag skal samlast hos deg i ditt rike, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen

Kommentar

Dagens bøn drar i ulike retningar, slik også tekstutvalet denne dagen gjer. Vi har sett kort på evangelietekstane, men også dei andre tekstane har med seg ulike perspektiv. Lesetekstane frå NT drar i retning av misjon. Både tekstane frå GT, som alle har tekstar frå APG som alternativ, brevtekstane og teksten frå Openberringa fokuserer på tryggleik, Guds kjærleik til sine utvalte og truskap i teneste for Gud. Tekstutvalet og dagens bøn gjer altså at ein kan vinkle gudstenesta ulikt, helst ut frå kva som passar i kyrkjelyden sin øvrige gudstenesteplan. Ein kan til dømes fokusere på pilegrimsmotivet, misjon, inspirasjon til teneste, tryggleik eller andre tema som høver i kyrkjelydssamanhengen. 

Salmevalg

Når det kjem til salmeval vil mykje vere avhengig av kva val ein gjer med tanke på kva aspekt frå tekstar og bøn ein legg vekt på. Salmane for påsketida er naturlege val for dagen. Ut frå fokus kan også salmar frå «Tryggleik og glede», «Jesu atterkome og dommen», «Truskap og etterfølging» og «Lovsong, takk og tilbeding» vere aktuelle. Kanskje vil også misjonssalmer passe godt inn.  

Den uunngåelige salmen

190 – Som den gyldne sol frembryter. Ein godt kjent salme som med utgangspunkt i den tomma grava tar opp i seg håpet om eit liv saman med Gud etter døden. Den grip også fatt i dåp og nattverd, slik at gudstenester med begge sakramenta kan bli knytt saman gjennom salmen.

Den uventede salmen

729 – Kvar er du, Gud? Kvar finn vi deg? Salmen tar tematikken med Jesus vi ikkje ser, slik han snakkar om at skal skje i tekstane. Den går samstundes inn i tenestetematikken vi kan finne i lesetekstar og dagens bøn. 

Den utfordrende salmen

507 – Onnea oiverratonta/ Å hvor salig det skal blive. Salmen fokuserer på vona om å kome til Jesus etter døden, noko evangelietekstane også legg opp til. Den snakkar slik godt med evangelieteksten. Samstundes er særleg tredje vers eit utfordrande vers. Tematikken i verset bør takast opp i preika om salmen blir brukt. Salmen har også kvensk tekst og melodi, noko som kan knyte an til ei kyrkje som ikkje er bunde av etniske grenser, eit tema vi særleg kan finne i tekstane.