4. søndag i treenighetstiden

Mari Sønnesyn Berg, sokneprest i Vennesla 

Kort om kyrkjeårsdagen

Denne søndagen rettar lyset mot liva våre, me vert utfordra til å leva som Jesu etterfølgarar. Det er noko anna enn å vera tilhengar. Det handlar ikkje om vår tilslutning til ei lære, men om retniningen me går i, om livet me lever.

Dagens bøn

Audmjuke Herre, Jesus Kristus, du valde fattigdom og fornedring. Vi bed deg: Lei oss inn på kjærleiks vegar, så vi ikkje søkjer rikdom i verda, men tek krossen vår opp og følgjer deg, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen. 

Kommentar

Gustav Wingren har skrive ei lita bok om Ireneus, «Människa och kristen», der han syner at kyrkjefaderens tankegods talar sterkt og naudsynt inn i vår tid. Herved anbefalt! Høyr berre: 

Att vara kyrka är att vara Kristi kropp och röra sig mot Adam för att läka honom, alltså: röra sig mot utkanterna, mot periferierna. Så rörde sig enligt evangelierna Jesus där han gick fram, med läkedom till sjuka, med upprättelse till fallna. Detta är kyrkans rörelse över jordytan, den enda rörelse som kan knyta ihop skapelse och evangelium… en rörelse i rummet, iakttagbar för ögat…en rörelse i tiden, en rörelse hän emot framtid.

Vår tid byr på store utfordringar. Titals millionar menneske er på flukt, og dei bankar på vår dør. Menneske svelt, og menneskeskapte klimaendringar forårsakar naturkatastrofar som i mange tilfelle rammar hardast der livet er mest utfordrande å leva frå før. Som kristne kan me ikkje lata som om dette gjeld ei anna verkelegheit enn vår eiga, sjølv om nauda kan synast langt borte frå vår kvardag – enn så lenge.  «None of us are free till none of us are chained» syng Solomon Burke. Dagen utfordrar oss til å ta tak. Bøna for dagen leier oss inn på sporet.

Salmevalg

Og salmeboka byr på mange gode salmar. Eg fann flest aktuelle i desse kapitla; bot og omvending, truskap og etterfølging, kjærleik og teneste, og rettferd og fred

I Santa Clara-kyrkan i Stockholm møtte eg første gongen tanken om at me aldri skal feira nattverd utan at me også deler brødet med byens fattige og utstøytte, fordi det å bryta brødet heng uløyseleg saman med å metta dei som svelt. Nattverdssalmar som innlemmer dette motivet fins mellom anna på nr.612, Vårt sinn er fylt med glede, og med ei litt anna betoning på nr.615 Vi bærer mange med oss

Den uunngåelege salma

668 – Guds Sønn steg ned å tjene. Her vert det snakka sant om livet og kallet på ein måte som eg opplever gjev mot. Og det er viktig, fordi dagens tematikk fort lokkar fram peikefingeren, og etterlet oss med dårleg samvit og ei tiltakslaus motløyse. 

Den uventa salma

258 – Himmelen tonar av lovsong. Her er det fokus på GLEDA som kjem av å «følgja Jesus den vegen han går», og dette kan jordast i eigen eller andre sin erfaring. 

Den utfordrande salma

740 – Eit lite barn voks opp til mann. Denne salmen frå duoen Hoem/Sommerro som røskar skikkelig i oss. Kva kan bli konsekvensen når me i vår materielle velstand let att auger og øyrer for Jesu ord til oss om å leva slik han gjorde?