Askeonsdag

Andreas Hilmo Grandy-Teig, sokneprest i Nidaros domkirke

Kort om dagen 

Askeonsdag er den første av dei 40 fastedagene fram til påskeaftan. I 2011-ordninga står det at det er «ønskeleg» med askeonsdagsgudsteneste, men ingen liturgiske tekstar er formalisert.

Dagens bønn

Barmhjertige Gud, du kan sette oss fri fra synd og forgjengelighet. Vi ber deg: Lær oss å holde faste slik du vil. Gjør oss utholdende i bønnen, trofaste i kjærligheten og helhjertet i kampen for rettferd. Gi verden håp ved Jesu Kristi kors, han som med deg og Den hellige ånd lever og råder, én sann Gud fra evighet til evighet. Amen.

Kommentar

I dagens bønn for askeonsdag, finn vi tre bærande tankar: at Gud kan sette oss fri fra synd (grunngivinga), at Gud hjelper oss å føre ei rett faste (middelet), og at verden skal få håp ved Kristi kors (målet). Slik får vi artikulert ein teologi for fastetida som er både luthersk og har klare oldkyrkjelege røtter. Luthersk teologi toler bot og faste, men ikkje gjerningsrettferd. Så vi ser at dagens bønn tiltalar Gud som barmhjertig og som den som kan sette oss fri. Samtidig blir faste artikulert som eit middel Gud vil, og ein praksis som fører menneskelivet og verda nærare Guds vilje. Dagens bønn definerer faste som eit praksisfelt som involverer bønn, nestekjærleik og kamp for rettferd. Dette står på trygg bibelsk grunn, og ein finn det igjen i lesningane for dagen. 

Salmevalg

Ut i fra det eg har peikt på til no, kan ein ha fleire perspektiv når ein skal velge salmar. (1) Vi er avhengige av Guds nåde og barmhjertigheit, at Gud kan reise/reiser oss opp fra «synd og forgjengelighet». Aktuelle kapitler er «truskap og etterfølging»,  «undring og lengt» og «bot om omvending». (2) Å gi fastetida eit praktisk innhald. Peike både inn mot bønnepraksis og mot sosialetiske praksisar. Her finn ein kjente og gode salmar i  «kjærleik og teneste», «rettferd og fred» og «forvaltaransvar og ærefrykt for livet». (3) Håpet ved Kristi kors leier blikket fram mot Jerusalem og langfredag, og da den Kristus som lir med verda. «Palmesøndag», «skjærtorsdag» og «langfredag» er kapittel som viser brua gjennom fastetida. Himmelhåpet er ein teologisk risikofylt veg å gå (jfr. gjerningsrettferda), men i kapitlet «det kristne håpet» finn ein også nokre salmer som peiker på vegen igjennom verda, ved Kristi kors, fram mot det endelege håpet. Om ein har teikning av askekors på askeonsdag, kan det være godt med ei salme knytt til askekorsritualet. 

Den uunngåelige salmen

117 – Se vi går opp til Jerusalem må med askeonsdag. Denne salmen fungerer godt som gjennomgåande tema gjennom fastetida, og den peiker fram mot påske, samtidig som den lar oss sjå fastetida som ei tid Kristus lir med verda og oss.

Den uventede salmen

99 – Jesus från Nasaret er salmen som knytter seg til vegen i lag med Jesus, i bønn og bot, og i solidaritet med dei fattige. Samtidig løftar ho oss opp: fastetida er – som brørne i Taizé peiker på – ikkje bare arbeid, bot og bønn, men gir «kraft og frid», «frihet og glädje» ved Guds nåde og kjærleik.

Den utfordrende salmen

740 – Eit lite barn voks opp er ei salme som trass i at den ikkje har imperativ tydeleg utfordrar til handling og solidaritet. Ho tematiserer askeonsdagstema som omvendinga til Gud og bønnen, men forankrar dette i ei frigjøringsteologisk identifisering mellom Gud og dei fattige.