For de forfulgte

Sevat Lappegard, pensjonert prost i Sør-Østerdal

Kort om kyrkjeårsdagen

«For rettferd og fred» kom med i tekstrekkjene frå 2010 som ein av fleire temadagar, som menighetene kan plassere fritt i kyrkjeåret. Nokre teologiske refleksjonar: Rettferd og fred er i det bibelske materialet ofte eit ordpar, tett bunde sammen; «rettferd og fred (skal) kysse kvarandre» (Ps 85,11). Rettferd er framstilt som ein aktiv prosess, som fører fram til tilstanden fred. Fredsfyrsten i Jes11 har i si gjerning rettferd som «belte om livet», og målet er «fred utan ende» (Jes 9,7). Rettferd er også eit Guds-atributt.  Rettferd som prosess kan derfor gjenkjennast som Guds virke. Teologisk er det ikkje ueffent å knytte rettferd til tanken om creatio continua, der menneska når dei bruker all sin kløkt, visdom og makt for å skape rettferd, er Guds medskaparar i verda.  

Dagens bøn

Gud, vår tilflukt,  du har skapt alle menneske i ditt bilete. Vi ber deg: Vern oss mot vald og undertrykking, og la oss ikkje sjølv bli årsak til urett og strid. La rettferd få råde blant oss og gje oss din fred, ved din Son Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud, fra æva til æva. Amen.

Kommentar

Dagens bøn knyter temaet til skapelse. Tekstene, særleg evangleietekstene, held fast temaet i det teologiske perspektiv som er nemnt i innleiingsavsnittet. Når vi i kyrkja talar om rettferd er ikkje dette berre som velmeinte handlingsprogram, eller at vi «må bli flinkare til» eller moralisme. Rettferd er ein Gud-gitt prosess. Som skapelse vil den finne sitt løp. «Sæle er dei som hungrar og tørstar etter rettferd, for dei skal mettast» (Andre rekkje Mt5,6). Der det er noen som tørstar eller er svolten er det også noen som gjev drikke og mat (Første rekkje Mt25,34) – slik er det med skapelse. Men skapelse kan også motarbeidast med vond vilje (Første rekkje Rm12,17), system, ordningar og makt (Andre rekkje Am 5,11).  

Salmeval

Salmeboka har ein bolk «Rettferd og fred», men med skapelse som perspektiv blir det like aktuelt å bla gjennom «Forvaltaransvar», «Guds stordom/skaparverk/omsorg» og oppstandelse (livet vann) og pinsemotiv (spiritus creator). «Noen må våke» (738) er konsekvent inkluderande, som all skapelse er inkluderende, gjer rettferdsfordringa allmenn og skil ikke mellom eit vi og eit dei. Rettferda er vakker, som all skapelse er vakker, derfor «No stig vår song» (854). Og all skapelse, også i det daglege, skjer ved Guds Ande «Gå gjennom byens lange rette gater» (520)   

Den uunngåelege salmen

738 Noen må våke i verdens natt.

Den uventa salmen

854 No stig vår song, vår takk til Gud

Den utfordrande salmen

520 Gå gjennom byens lange rette gater