Nyttårsaften

Eli-Johanne Rønnekleiv, sokneprest i Selje, Leikanger og Ervik kyrkjer. Tidlegare kantor.

Kort om kyrkjeårsdagen

Nyårsaftan er ikkje gudstenestedag alle stader. Der gudsteneste finst, er det gjerne som minnegudsteneste om ettermiddagen eller midnattsmesse i døgnets og årets siste time. Ei minnegudsteneste nyårsaftan vil ha eit sterkt diakonalt preg – salmevalet inkludert. Ei midnattsmesse nyårsaftan gjev kanskje bønedelen særleg tyngde. Difor vil eg gjerne føreslå salmar ut frå det perspektivet også. Nyårsaftan er ein symboltung kveld der vi prøver handtere året som gjekk – og førebu oss til året som kjem. Overgang og grenser er nokre av mine stikkord for nyårsaftan. Akkurat når året vender, kjenner vi gjerne trykket av å vere åleine – den eksistensielle einsemda. Å sjå for langt fram kan vere tungt, særleg om vi er sterkt medvitne om at vi er eit år nærare vår eigen død. Dagens bøn formulerer livshjelpa:

Dagens bøn

Evige Gud, du held tida i di hand. Vi bed deg: Ver hos oss når året vender. Gje oss framtid og håp, så vi kan leva og døy i tillit til Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Kommentar

Dagens bøn vender seg til den evige Gud som held tida i si hand – den evige tida og tida i form av dagar som kjem og går. Den Gud som er nær oss og hos oss i tida. Eg summerer Harald Kaasa Hammer slik: Første rekkje sine tekstar har tid som konkretisering; forgjengeleg tid, evig tid og nådetid. Andre rekkje sine tekstar fokuserer på framtid  – i forventning og von. Tredje rekkje sine tekstar gjev tryggleik i form av miskunn – tilgjeving og kvile. Per Lønning har ei preike for årsskiftet der «omkvedet» er Gud skje lov for dag som går – Gud skje lov for dag som kommer. Han peikar på at livsglede og livsalvor går hand i hand ein slik dag i kyrkjeåret. Dietrich Bonhoeffer (i Brunvoll si omsetjing) hentar inn nettopp både djupt livsalvor og himmelhøg livsglede i sin salme «Av gode makter» som han skreiv i fangenskap ved slutten av livet. 

Salmeval 

Kva type gudsteneste skal feirast? Kva er konteksten – språkleg kontekst inkludert? Slike faktorar vil alltid påverke salmevalet. Dersom gudstenesta er minnegudsteneste for dei som er gravlagde siste år, vil diakonale salmar og velkjende tekstar og tonar gje trøyst og kvile, sjå t d kapitla Guds omsorg eller Kjærleik og teneste. Temaregisteret har fleire avsnitt som kan vere aktuelle å leite i; Diakoni, Taizè, Iona eller Spirituals. Dersom gudstenesta er ei midnattsmesse, er det eit godt høve til å få sunge kveldssalmar – noko vi sjeldan naturleg kan gjere i føremiddagsgudstenester. Mange av kveldssalmane inneheld gode nyårsmoment som sjølvransaking, bøn om tilgjeving, tryggleiken i å leggje livet i Guds hand, håpet og forventninga om ein ny dag her eller i æva. Salmane i kapitlet årsskiftet er sjølvsagde å leite i, men også i førebuingstidene i kyrkjeåret (advent og faste) kan gode salmar finnast. Salmar er heilskap av tekst og melodi. Uansett type gudsteneste vil eg ynskje å gje kyrkjelyden musikalsk fred og trøyst. Og eit musikalsk løft som kan motverke ein eventuell nyårsblues… Kva kapittel eg har leita i og kvifor, avheng av kva preg gudstenesta er tenkt å ha.

Den uungåelege salmen

835 – Å Gud, vårt vern i farne år. 

Den uventa salmen

Minnegudsteneste: 470 Nobody knows/Kven veit vel om den urett eg leid? 

Midnattsmesse: 474 Ein båt i stormen duva, men Jesus var om bord.

Den utfordrande salmen

Minnegudsteneste: 824 Ingen stund är så som denna eller 806 Før dagsens siste ljos døyr ut

Midnattsmesse: 837 Av gode makter eller 727 Lysenes Gud.